Tidlegare program
Her får du ei lita oversikt
over program frå tidlegare
år.
Vi har tilrettelagt trykte program
i PDF-format slik at det kan
lastast ned og lesast i si heilheit
på din eigen PC.
Program 2011
Vil du lese meir om programmet, kan
du sjå på brosjyren som
her ligg ved som pdf-dokument:
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet (brosjyren) for
2011 som PDF-fil:
|
|
Prgram 2010
Kyrkjehola Kulturbeite inviterte
Kenneth Ekornes til å vere
vår musikarprofil i 2010 og
vise oss litt av breidda i det han
står for. Han fekk frie
tøylar til å setje saman
programma han skulle vere med i.
Dette resultert i tre spennande
konsertar.
Men før han kom i gong, opna
sesongen jonsokaftan med ein vakker
konsert – EARLY FOLK - med
Lena Willemark, ein av
Nordens fremste artistar innan
folkemusikk og world music I lag
med Svante Henryson
– cello og Knut
Johannesen – cembalo,
sette ho ein kunstnarisk standard
som stod seg sesongen ut, og som
styret var særs nøgd med.
På dette arrangementet var
publikumsframmøtet brukbart,
men vi skulle gjerne hatt langt
fleire besøkande på mange
av dei fantastiske framsyningane
som vart presenterte.
I det neste arrangementet,
Ekornes i 100,
trollbattKenneth Ekornes
eit ungdommeleg publikum med sine
trommerytmar og sitt
dataopptaksutstyr som fekk fram
inspirerte komposisjonar og
dansefot hos store og små. Eit
absolutt høgdepunkt i år
og i KKB si historie var Frode
Fjellheim si arktiske messe
Aejlies Gaaltije - den
Hellige kilden m/
Frode Fjellheim - tangentar og
vokal, Nils-Olav Johansen - gitar
og vokal, Snorre Bjerck –
perkusjon, Kristin Rustad
Høiseth og Randi Lundemo
– sang, Sturla Eide –
fele.
Midt i juli kunne vi by
påForfatteraften med
Benny Andersen. Den danske
bestseljaren fann og tonen med sitt
norske publikum, som sette pris
både på dikt og
forteljingar. Konsertsesongen
fortsette med to
førestillingar der Kenneth
Ekornes var sentral. The
Brazz Brothers’ World
Jazz, med godt besøk
og god stemning, og Summer
Samba (Samba de
verão) Eit
Brasilprosjekt med Kenneth Ekornes
- perkusjon, Vera Regina Americo -
sang, Andreas Aase og Tom Steinar
Lund – gitar. Siste
framsyninga for året var
Nå - Hans Børli
med kvinnehånd -
Poesikonsert med Anne-Marit
Jacobsen, Benedicte Maurseth - fele
og Åsne Valland Nordlie
– kveding. Utstillingane
Bilde i svart/kvit
grafikk v/Bjørn
Brusdal og "Skimmer"-
glasobjekt v/Anne Brit
Krag fekk mykje god omtale og
hadde brukbart besøk. Vil du
lese meir om programmet, kan du
sjå på brosjyren som her
ligg ved som pdf-dokument:
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet (brosjyren) for
2010 som PDF-fil:
|
|
Program 2009
Sesongen 2009 starta opp
jonsokaftan med eit
”innkjøpt” program
med songaren Sigvart Dagsland og
pianisten Torjus Vierli. Rosekyrkja
var fylt med meir enn 250
velnøgde tilhøyrarar. Dei
to neste førestillingane var
eigenproduksjonar. Først ein
interessant, spennande og vakker
presentasjon av salmediktaren Niels
Olsen Svee med dyktige artistar med
Sondre Bratland og Randi Lundemo
som frontfigurar. Forfattaren Olav
Mosdøl hadde laga manus med
skodespelaren Trond-Ove
Skrødal som forteljar.
Idéen til førestillinga
hadde Odd Johan Overøye, som
også spelte i orkestereret i
lag med Bergmund Skaslien og
Andreas Aase. Vel 150 fekk med seg
denne flotte framsyninga. Vi held
fram med ”Perledryss”
frå Nordahl Rolfsen si lesebok
der skodespelaren Gøril
Haukebø las utvalde tekstar og
Marianne Stavseng med
akkompagnatør Odd Johan
Overøye framførte songar.
Dette vart ei særs triveleg
stund for dei 40 frammøtte i
Løsetstova. Dei fleste
publikummarane tilhøyrde
genrerasjonen som hadde fått
sitt første møte med
litteraturen gjennom Nordahl
Rolfsen si lesebok.
Vidare på programmet stod
Tangofeber med den internasjonalt
renommerte gruppa Tangueros del
Norte. Dette programmet vart
svært godt motteke av eit
publikum på om lag 150
personar. Den ungdommeleg sjarmen
til medlemmene i orkesteret og
deira mogne og virtuose musikalitet
fjetra tilhøyrarane. Seinare i
juli skulle vi ha besøk av den
kjende føredragshaldaren og
presten Karsten Isachsen som skulle
kåsere om Hverdagens
vakkerhet.To timar før
førestillinga måtte han
melde sjukdomsavbod. Dette er
første gong KKB avlyser ei
førestilling.
Vår lokale artist Hilde Louise
Asbjørnsen held så
konsert i Rosekyrkje med sin trio,
Programmet ”Ein haltande
sommarvals” vart omtala som
eit høgdepunkt i KKB si
historie. Om lag 150
tilhøyrarar fekk ei minnerik
oppleving denne kvelden.
Dagen før olsok kom Tone
Hulbækmo og Hans Fredrik
Jacobsen med eit program som var
spesielt laga for KKB med musikk
gjennom tusen år. Sidan olsok
var så nær og Rosekyrkja
arena, bar musikkvalet bere preg av
dette. Dette vart ei særs
vakker og fin førestilling som
gledde eit litt for fåtallig
publikum. Knapt 100
tilhøyrarar var samla i
Rosekyrkja
Same dagen opna vi kunstutstillinga
”Lys langs fjorden” med
bilete av Ørnulf Opdahl. Vi
var glade for å kunne
presentere ein av våre store
samtidskunstnarar i
jubileumssesongen. Om lag 800
personar var innom utstillinga, som
fekk mange godord frå dei
besøkande. 21 bilete vart
selt.
Sesongen vert avslutta 9. august
ved at utstillinga blei tatt ned og
at Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
gav oss nokre historier frå
Noreg, som ho har kalla
”Kvardagsglimt”. Om lag
30 personar fann vegen til
Løsetstova og opplevde ei
svært triveleg stund.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet (brosjyren) for
2009 som PDF-fil:
|
|
Program 2008
Styret for Kyrkjehola Kulturbeite
ønskte at programmet for 2008
skulle ha eit innhald der
kunstuttrykk frå andre land
vart sameina med det norske.
Programmet opna i midten av juni
med minioperaen Prinsessa
på Selja av Eyvind
Skeie og Odd Johan Overøye,
som fortel om irske Sunniva sin
lagnad på øya Selja.
Nesten 40 deltakarar med Sara P.
Eriksson og Magne Fremmerlid i
hovudrollene, gav ei fullsett
kyrkje ein stemningsfull og mektig
start på sesongen.
Den 22. juni tolka Knut Reiersrud
Olav H. Hauge i førestillinga
Eit korn av salt,
som var utfoma og produsert av
Kyrkjehola Kulturbeite i
samråd med Reiersrud.
Tilbakemeldingane vitna om eit
særs vellukka opplegg.
På konserten Magisk
nyckelharpefusion med
Emilia Amper Trio fekk vi
høyre både folkemusikk og
komposisjonar av Emilia. Ein
triveleg sommarkveld i
Rosekyrkja!
Dagen før olsok opna dei to
kunstutstillingane
Erindringsbilder
ved Marianne Boberg og
Hyllest til det norske
lyset ved den nedelandske
målaren Henk Lassche. Desse
utstillingane kunne sjåast
fram til 10. august og hadde godt
besøk. Nok eit programinnslag
med internasjonal tilknyting vart
vist den same kvelden. Ohne
Sentimentalität,
songar av Hanns Eisler og Bertolt
Brecht, vart framført av
Anne-Lise Berntsen og Trygve
Brøske Ensemble.
Førestillinga var ei stor
oppleving, som fleire burde ha
fått med seg.
Full kyrkje var det tre dagar
seinare på konserten
GammalGrass med
Stian Carstensen, Ola Kvernberg og
Ole Morten Vågan. Deira
improviserte og humørfylte
framføring av ei samansmelting
av gammaldans og bluegrassmusikk
(og mykje meir), fall tydelegvis i
smak.
Det gjorde også den sceniske
konserten Ljod med
Marilyn Mazur, Ruth Wilhelmine
Meyer, Agnes Buen Garnås og
Helen Davies Mikkelborg, som
avslutta arrangementa i
Rosekyrkja.
Programmet for 2008 vart avslutta i
10. august Løsetstova med
kåseriet Absolutt
Sunnmøre ved Kjetil
Tandstad og ved at utstillingane
vart stengde.
Vel 900 løyste billettar
på førestillingane i
Rosekyrkja og Løsetstova i
tillegg til alle som fekk oppleve
utstillingane i Prestestova og
Løsetstova.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet for 2008 som
PDF-fil:
|
|
Program 2007
Kyrkjehola Kulturbeite kunne
også sommaren 2007 tilby eit
breitt spekter av kulturopplevingar
i våre heilt spesielle
lokalitetar. Sesongen starta 10.
juni med Songen langs
fjorden - ein konsert i
samarbeid med Storfjordens venner
Ålesund
Kammerkor med solistar og
orkester presenterte Odd
Johan Overøye sine
arrangement av songar frå
CD-en "Songen langs
fjorden".
Både dette og dei tre neste
arrangementa hausra stor fagnad og
var svært godt
besøkte.
Gullalder m/ Toralv
Maurstad og Espen Skjønberg
baud på litterære perler
som mange kjende att frå
lesebøkene til Nordahl og
Rolfsen og ikkje minst på eit
møte med legender innen norsk
scenekunst. Midtsommarkveld
med Ole Paus viste
også at denne artisten sitt ry
er velfortent. Med humor, beisk
samfunnskritikk og poesi tok han
publikum med storm. Det gjorde
også Jo Nesbø og
Lars Jones med sine
fabuleringar og musikalske
framføringar- om
jenter som kommer og jenter som
går...
Harpeberget
-Multimedial installasjon
- ved Odd Johan
Overøye, Marit Kaldhol, Arne
Nøst og Øyvind Driveklepp
– er den
største satsinga til
Kyrkjehola Kulturbeite.
Installasjonen bygg på ei
lokal segn og gav vakkert og
mystisk grunnlag for mange
refleksjonar.I Løsetstova fekk
vi oppleve grafikkutstillinga
Strukturar som
presenterte bilete av
Martin Due med
motiv frå naturen.A
Corda -Birgitte Stærnes
(fiolin) og Martin Haug (gitar)
- presenterte musikk med
søramerikansk lidenskap og
wienereleganse - eit musikalsk
høgdepunkt i
sesomgen.Med ein barndom i
botnen fekk vi eit
litterært
møte med far og dotter
Vidar og Maria
Parr som skapte ei
triveleg stund for publikum i
Løsetstova.Programmet for 2007
vart avslutta med
Kammermatiné i
Grieg-året
m/instruktørar og unge talent
frå “Borg-kurset”.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet for 2007 som
PDF-fil:
|
|
Program 2006
Sommaren 2006 vart ein stor suksess
for Kyrkjola Kulturbeite. Aldri har
så mange sett
førestillingane våre. Det
byrja med historisk foredrag ved
Berge Furre. To høvdingar i
Norden (Evert Taube og Erik Bye)
vart presenterte av Lars Klevstrand
med Audun Skorgen og Odd J.
Overøye som medmusikantar.
Kyrkja vart for lita for Jakob
Sande & Jon Eikemo, trur
eg...Ei markering av
100-årsjubileet for Sande sin
fødsel. Utstillinga Keramikk
og skulptur viste arbeid av Leon
Roald. Quartet Lavender spelte
internasjonal kammermusikk før
SKRUK a cappella fylde kyrkja
både med publikum og korsong.
Ei sterk oppleving var Haugtussa -
Eit musikalsk og intenst møte
med Garborg ved Karoline Isaksen,
Jo Inge Nes (perkusjon) og
Håvard Sveås (tangentar).
Maange fekk og med seg avslutninga
"Omreisende malersvende og
stadsmusikanter" - Rosekyrkja i eit
kunsthistorisk og musikalsk
perspektiv med Gunnar Danbolt og
Erling With Aasgård.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet for 2006 som
PDF-fil:
|
|
Program 2005
I 2005 hadde vi programinnslag med
Brasiliansk musikk ved Tristan og
Fellina (Kristian Skårbrevik
og Ingeborg Tornes), Ola Bremnes
med band med sin konsert "Frå
Golfstraumen", "I skuggen av Grieg"
- ein konsert med Harald
Bjørkøy, Marianne Ravn og
Odd Johan Overøe, Eldar Parr
med "Vandrarane" stilte ut
litografiar, Kjell Stig Amdam med
"Gull og himmelblått" stilte
ut måleri, vi hadde
kåseriet "Fjøyra som
dreiv" med Ingebjørg
Røyrhus Riste, Litteraturkveld
med tittelen "Meir enn Berre ein
hund" der Ingar Sveen las Per
Sivle, Svein Tindberg las, fortalde
og leikte med tekstar frå
bibelen i forestillinga "Som
skrevet står", og vi avslutta
med konserten "Songar utan ord" med
Eero Voitk og Odd Johan
Overøye.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet for 2005 som
PDF-fil:
|
|
Program 2004
Sommaren 2004 var året for den
store hesteferda til Romsdals
Marked på garden Devold i
Rauma. KKB markerte dette med eit
historisk foredrag ved eigaren av
garden, Per Devold. Sesongen starta
romantisk med nygifte Magne
Fremmerlid og Charlotte Fongen, som
gledde publikum med
kjærleiksarier frå
operalitteraturen. Odd Johan
Overøye stod for
tonefølgje. Eit nytt
høgdepunkt var besøket
til Per Arne Glorvigen med sin
bandoneon solo. Olsokgudsteneste
med gammal liturgi var dette
året lagt inn i programmet.
Nils Beite leia gudstenesta. To
søstrer frå Stordal,
Randi Mari og Aina Haugen, var
utstillarar. Eit triveleg og
humoristisk møte med
forfattaren Ragnar Hovland og flott
arrangert folkemusikk med Sturla
Sundli og Andreas Aase fylte lokala
i Prestestova og Løsetstova.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet for 2004 som
PDF-fil:
|
|
Program 2003
Sommarprogrammet 2003 starta med
eit møte med diktaren Edvard
Hoem. Dotra Kristine og Odd Johan
Overøye var med i
framføringa. Stordalssalmen,
tekst Hoem og musikk Overøye,
vart urframførd. Astor Furseth
vitja KKB med opplesing frå
sine noveller. Utstillinga dette
året var relatert til
400-årsjubileum for den
offentlege helsetenesta. Eva
Mørkeseth framførde
Snøhvit og de syv dvergene
på ein måte som
engasjerte dei yngste. Kirsten
Ludvigsen viste oss at dei
også i eldre tider kosa seg
med snop. Sopranen Victoria Nava i
lag med Trygve Brøske
framførde bøner og
Maria-hymner frå opera og
oratorier. Sesongen vart avslutta
av Harald Grytten som snakka om
kunst og kunstnarar på
Sunnmøre.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet for 2003 som
PDF-fil:
|
|
Program 2002
I 2002 opna KKB programmet med
besøk av Henning Sommero med
gjest på jonsokafta. Stemninga
stod høgt i taket då Hans
Hyldbakk og andre sine tekstar vart
framført i Sommero sine vakre
arrangement. Torunn Stavseng
framførte fleire av Bach sine
sonater for solo cello.
Utstillarane dette året var
Anne Sara Loe og Ingunn Dahlin. Det
historiske innslaget stod Odd
Sørås for ha då han
fortalde om dramaet på
Innfjordfjellet der ei kvinne vart
myrda. Hege Langhaug Berli deltok
med musikkinnslag. Maria Holand
Tøsse og Elisabeth Nilsen
hadde program for dei minste.
"Mildt regn" kalla Gøril
Haukebø, Odd Johan
Overøye og Stian Omenås
si førestilling
spesialprodusert for KKB med
tekstar av Haldis Moren Vesaas og
musikalske improvisasjonar.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet for 2002 som
PDF-fil:
|
|
Program 2001
Erfaringane frå
oppstartsåret var så gode
at det vart bestemt å
vidareføre sommarprogrammet i
KKB i 2001. Irsk reis med Gunhild
Marie Roald opna sesongen. Her fekk
vi oppleve Irland i tonar og
forteljing. Arne Ruset vitja
Prestestova med utdrag frå
sitt forfattarskap. Utstillarane i
2002 var to som er busette i
Ørskog: Asgeir Kvernberg og
Liv Dysthe Sønderland. Randi
Bjørlykke fortalde så
smått og stort frå det ho
kom over i sitt arbeid med
ættesoga for Stordal. Vidar
Underseth deltok med musikkinnslag.
Lokalhistorisk innslag dreia seg om
"Ull". Kirsten Ludvigsen m.fl.
viste korleis ulla vart brukt i
eldre tider og det vart synt fram
ei utstilling med tøy og klede
laga av ull. Skodespelarar frå
Teatret vårt hadde
eventyrstund for dei minste. Lina
Sandell i ord og tonar vart
framført av Åsa Forngren,
Kirsti Pedersen Haugen og Jens Arne
Molvær.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet for 2001 som
PDF-fil:
|
|
Program 2000
Det var med spenning KKB kunne
presentere sitt første program
i 2000. Odd Johan Overøye
akkompagnerte Ann-Mari Edvardsen i
ein musikalsk sommarbukett. To
førestillingar vart gitt i
Prestestova. Kirsten Ludvigsen
m.fl. gjenskapte livet på
på ein sunnmørsgard slik
det kunne vere i eldre tider. Tre
utstillingar vart vist. Først
viste Neil Davey foto frå
Skottland. Seinare stilte Kjell
Gunnar Overøye ut veggrelieff
i metall og Hallvard Hatlen
måleri og grafikk. Forfattaren
Marit Kaldhol las frå sine
diktsamlingar med tittelen "- kvite
kråker over bakarens hus".
Teatret Vårt gjesta med
barneførestilling der
Gøril Haukebø, Vivi Sunde
og Ane Dahl Torp tok del. Til slutt
gav Jostein Fet portrett av
kvedarar, spelemenn og diktarar
frå storfjordbygdene. Han
spelte sjølv fele og hadde i
tillegg med seg Ingunn Linge
Valldal for å framføre
kved og slåttar.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Last ned det trykte
programmet for 2000 som
PDF-fil:
|
|
|