Stordal
Vår hovudsponsor:

Sparebanken More

Kulturstøtte frå:

Stordal Kommune - der folk trivst!
Møre og Romsdal fylke
Norsk Kulturråd

Om Kyrkjehola Kulturbeite

musikk - litteraturopplevingar - scenekunst

utstillingar - historie - folklore

Kyrkjehola Kulturbeite i Stordal (Møre og Romsdal) er ei sommarscene for profesjonell kunstformidling, med dei særeigne lokalitetane i Stordal Bygdetun; Rosekyrkja, Prestestova og Løsetstova, som ramme og arena. Tiltaket har sidan oppstarten i 2000 etablert seg som eit unikt regionalt kulturprosjekt med heile Nordvestlandet som nedslagsfelt - organisert som ein årviss programserie i tidsrommet frå om lag midten av juni til midten av august.

KKB har lagt stor vekt på å skape ein tydeleg programidentitet gjennom samanstillinga av ulike kunst -og formidlingsuttrykk. Eit uttalt mål er å stimulere til nyskaping i krysningspunktet mellom ord, bilete og musikk. Utover å kjøpe inn ferdige produksjonar har vi såleis lagt til rette for kreative møte mellom musikarar, biletkunstnarar, forfattarar og scenekunstnarar. Av forestillingar produsert spesielt for KKB kan nemnast Mildt Regn - ei improvisasjonsforestilling spunne rundt Halldis Moren Vesaas sin lyrikk, og Omreisende Malersvende og Stadsmusikanter - Rosekyrkja i eit kunsthistorisk og musikalsk perspektiv, med Gunnar Danbolt og Erling With Aasgård. Største satsinga i 2007-sesongen var den eigenproduserte, multimediale installasjonen «Harpeberget»; med Marit Kaldhol - tekst, Arne Nøst - video og Odd J. Overøye - lyd. KKB kan også vise til ei rekke urframføringar av tekst og musikk. I jubileumsåret 2009 presenterer vi Niels Olsen Svee i eit spennande oppsett. Pater Arnfinn Haram vart portrettert i 2013.

I 2010 og 2011 presenterte vi høvesvis Kenneth Ekornes og Knut Ivar Bøe som festivalmusikarar, som vart breitt presenterte i fleire førestillingar. Vi introduserte også nye konsertlokale både på Nilsgardstunet og på Dyrkornfabrikken. Nokre gjestande artistar; Per Arne Glorvigen, Edvard Hoem, Svein Tindberg, Ola Bremnes, Ragnar Hovland, Ane Dahl Torp, Henning Sommerro, Ingunn Dahlin, Gunnar Danbolt, Lars Klevstrand, Leon Roald, Berge Furre, Jon Eikemo, Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid, Toralv Maurstad og Espen Skjønberg,Ole Paus, Jo Nesbø, Aleksander Rybak, Anne-Lise Berntsen, Ola Kvernberg og Stian Carstensen, Marilyn Mazur, Brass Brothers, Benny Andersen, Bjørn Eidsvåg, Georg Riedel m.fl.

Stigande medieinteresse og aukande publikumstilstrøyming frå heile regionen, med utanlandske tilreisande inkludert, tyder på at KKB er i ferd med å etablere seg som ein attraktiv og særeigen kulturarena utanfor allfarveg.


Admin