Stordal
Vår hovudsponsor:

Sparebanken More

Kulturstøtte frå:

Stordal Kommune - der folk trivst!
Møre og Romsdal fylke
Norsk Kulturråd

Historie

Odd Johan Overøye er vaksen opp med Rosekyrkja som næraste nabo. Han utdanna seg etter kvart innan musikk og har reist mykje rundt i landet som utøvar. Odd Johan har sett korleis lokale eldsjeler har skapt festivalar og arrangement knytt til ulike stader si historie og særeigne lokalitetar. Det var såleis ikkje så rart at han på slutten av 90-talet begynte å filosofere over moglege aktivitetar i dei flotte lokala som ligg i hans nabolag.

Idéen om eit sommarprogram med kulturaktivitetar vart lansert for nokre venner han trudde kunne vere med på eit slikt initiativ. Eva Hove, Ola Stavseng, Leif Dybdal og Kristian Almås vart med i styringsgruppa. I tillegg vart det teke kontakt med kulturkonsulent Charles Tøsse og Sindre Helland som representant frå næringslivet. Ei foreining vart skipa sommaren 1999.

Namnet Kyrkjehola Kulturbeite vart etter kvart bestemt med grunnlag i stadnamnet Kyrkjehola, som frå gamalt var ei senking i terrenget aust for Rosekyrkja.

I løpet av vinteren 2000 vart det søkt om støtte frå bedrifter i Stordal og frå Stordal kommune. Vi fekk tilsagn på midlar nok til å inngå kontrakter med deltakarar og til å lage ein brosjyre som skulle gjere arrangementa kjende.

Publikumsframmøtet var tilfredsstillande første sesongen, men vi sat att med eit underskot. Det vart likevel vurdert at KKB var liv laga og at vi skulle prøve med program også i 2001. Dette året gjekk det noko betre økonomisk, og i dei neste åra gjekk vi litt i pluss mykje takka vere eit stadig srørre publikum. Pressa oppdaga at programmet var omtykt og meir spallteplass vart gitt både til førehandsomtale og meldingar om førestillingar og arrangement. Merkevara Kyrkjehola Kulturbeite tok form. Kunstnarleg har nivået heile tida vore høgt. Eit utvida samarbeid med Fjord Cadenza siste åra er med på å oppretthalde kvalitetsstempelet. Med auka støtte frå både fylke, kommune, Kulturrådet og våre trufaste sponsorar som Sparebanken Møre og Busengdal Transport, går vi med høge forventningar inn i vårt femtande sommarprogram.


Admin