Stordal
Vår hovudsponsor:

Sparebanken More

Kulturstøtte frå:

Stordal Kommune - der folk trivst!
Møre og Romsdal fylke
Norsk Kulturråd

Program 2005

I 2005 hadde vi programinnslag med Brasiliansk musikk ved Tristan og Fellina (Kristian Skårbrevik og Ingeborg Tornes), Ola Bremnes med band med sin konsert "Frå Golfstraumen", "I skuggen av Grieg" - ein konsert med Harald Bjørkøy, Marianne Ravn og Odd Johan Overøe, Eldar Parr med "Vandrarane" stilte ut litografiar, Kjell Stig Amdam med "Gull og himmelblått" stilte ut måleri, vi hadde kåseriet "Fjøyra som dreiv" med Ingebjørg Røyrhus Riste, Litteraturkveld med tittelen "Meir enn Berre ein hund" der Ingar Sveen las Per Sivle, Svein Tindberg las, fortalde og leikte med tekstar frå bibelen i forestillinga "Som skrevet står", og vi avslutta med konserten "Songar utan ord" med Eero Voitk og Odd Johan Overøye.

Last ned det trykte programmet for 2005 som PDF-fil:


Program 2004

Sommaren 2004 var året for den store hesteferda til Romsdals Marked på garden Devold i Rauma. KKB markerte dette med eit historisk foredrag ved eigaren av garden, Per Devold. Sesongen starta romantisk med nygifte Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen, som gledde publikum med kjærleiksarier frå operalitteraturen. Odd Johan Overøye stod for tonefølgje. Eit nytt høgdepunkt var besøket til Per Arne Glorvigen med sin bandoneon solo. Olsokgudsteneste med gammal liturgi var dette året lagt inn i programmet. Nils Beite leia gudstenesta. To søstrer frå Stordal, Randi Mari og Aina Haugen, var utstillarar. Eit triveleg og humoristisk møte med forfattaren Ragnar Hovland og flott arrangert folkemusikk med Sturla Sundli og Andreas Aase fylte lokala i Prestestova og Løsetstova.

Last ned det trykte programmet for 2004 som PDF-fil:


Program 2003

Sommarprogrammet 2003 starta med eit møte med diktaren Edvard Hoem. Dotra Kristine og Odd Johan Overøye var med i framføringa. Stordalssalmen, tekst Hoem og musikk Overøye, vart urframførd. Astor Furseth vitja KKB med opplesing frå sine noveller. Utstillinga dette året var relatert til 400-årsjubileum for den offentlege helsetenesta. Eva Mørkeseth framførde Snøhvit og de syv dvergene på ein måte som engasjerte dei yngste. Kirsten Ludvigsen viste oss at dei også i eldre tider kosa seg med snop. Sopranen Victoria Nava i lag med Trygve Brøske framførde bøner og Maria-hymner frå opera og oratorier. Sesongen vart avslutta av Harald Grytten som snakka om kunst og kunstnarar på Sunnmøre.

Last ned det trykte programmet for 2003 som PDF-fil:


Program 2002

I 2002 opna KKB programmet med besøk av Henning Sommero med gjest på jonsokafta. Stemninga stod høgt i taket då Hans Hyldbakk og andre sine tekstar vart framført i Sommero sine vakre arrangement. Torunn Stavseng framførte fleire av Bach sine sonater for solo cello. Utstillarane dette året var Anne Sara Loe og Ingunn Dahlin. Det historiske innslaget stod Odd Sørås for ha då han fortalde om dramaet på Innfjordfjellet der ei kvinne vart myrda. Hege Langhaug Berli deltok med musikkinnslag. Maria Holand Tøsse og Elisabeth Nilsen hadde program for dei minste. "Mildt regn" kalla Gøril Haukebø, Odd Johan Overøye og Stian Omenås si førestilling spesialprodusert for KKB med tekstar av Haldis Moren Vesaas og musikalske improvisasjonar.

Last ned det trykte programmet for 2002 som PDF-fil:


Program 2001

Erfaringane frå oppstartsåret var så gode at det vart bestemt å vidareføre sommarprogrammet i KKB i 2001. Irsk reis med Gunhild Marie Roald opna sesongen. Her fekk vi oppleve Irland i tonar og forteljing. Arne Ruset vitja Prestestova med utdrag frå sitt forfattarskap. Utstillarane i 2002 var to som er busette i Ørskog: Asgeir Kvernberg og Liv Dysthe Sønderland. Randi Bjørlykke fortalde så smått og stort frå det ho kom over i sitt arbeid med ættesoga for Stordal. Vidar Underseth deltok med musikkinnslag. Lokalhistorisk innslag dreia seg om "Ull". Kirsten Ludvigsen m.fl. viste korleis ulla vart brukt i eldre tider og det vart synt fram ei utstilling med tøy og klede laga av ull. Skodespelarar frå Teatret vårt hadde eventyrstund for dei minste. Lina Sandell i ord og tonar vart framført av Åsa Forngren, Kirsti Pedersen Haugen og Jens Arne Molvær.

Last ned det trykte programmet for 2001 som PDF-fil:


Program 2000

Det var med spenning KKB kunne presentere sitt første program i 2000. Odd Johan Overøye akkompagnerte Ann-Mari Edvardsen i ein musikalsk sommarbukett. To førestillingar vart gitt i Prestestova. Kirsten Ludvigsen m.fl. gjenskapte livet på på ein sunnmørsgard slik det kunne vere i eldre tider. Tre utstillingar vart vist. Først viste Neil Davey foto frå Skottland. Seinare stilte Kjell Gunnar Overøye ut veggrelieff i metall og Hallvard Hatlen måleri og grafikk. Forfattaren Marit Kaldhol las frå sine diktsamlingar med tittelen "- kvite kråker over bakarens hus". Teatret Vårt gjesta med barneførestilling der Gøril Haukebø, Vivi Sunde og Ane Dahl Torp tok del. Til slutt gav Jostein Fet portrett av kvedarar, spelemenn og diktarar frå storfjordbygdene. Han spelte sjølv fele og hadde i tillegg med seg Ingunn Linge Valldal for å framføre kved og slåttar.

Last ned det trykte programmet for 2000 som PDF-fil:


Admin