Heimesida til Stordal Sogelag
under Stordalsportalen har
ikkje no vore oppdatert på
ei god stund. Dette skuldast
fleire ting som vi ikkje her
går spesielt inn på.
Vi vil heller fokusere på
GLADMELDINGA om at no vil
Heimesida til Stordal Sogelag
kome på lufta igjen med
full tyngde.
Det er arbeidd mykje, grundig
og omfattande, slik at det
framover dei næraste
vekene og månadane kjem
fram betydeleg og mykje
interessant stoff. Frontsida er
som du vil sjå, forbedra
både layoutmessig og
funksjonelt. Her er gjort ein
del justeringar i toppfanene og
her er allereie lagt inn ein
god del oppdatert stoff.
Det ligg føre konkrete
planer for vidare arbeid med
innlegging av mykje interessant
stoff. Dette stoffet vil bli
presentert løpande
framover. Kvar veke vil du
finne nytt sogemateriale under
Stordal Sogelag si heimeside
her i Stordalsportalen. For
å gjere deg spesielt
oppmerksom på når og
kva slags nytt stoff som blir
lagt inn, vil Sogelaget ha ein
fast standard spalte på
annonsesida til
Stordalsportalen. Denne sida
vil ha følgende form:
Kva slags stoff, og korleis
dette etter kvart blir
presentert framover, er det no
vanskeleg å lage ein heilt
fast plan på. Dette har
også samanheng med korleis
stoffet blir kobla saman reint
datateknisk.
Men som ein viss indikasjon
skisserer vi her:
STOFF PRESENTERT I VEKE
47
Først vil vi presentere
den nye startsida vår og
korleis den er oppbygt
layoutmesig gjennom toppfanene
og på venstresida. Vi
presenterer samtidig –
Velkomen til Stordal Sogelag og
stoffet som er lagt inn Om
Stordal Sogelag. Vi viser
også til toppfana
Bildearkiv og til bilda som er
lagt inn her.
Dette er stoff for VEKE
47.
Vidare vil vi gjerne gi deg
følgende
informasjon:
Ved å trykke på
annonsa om nytt stoff –
vil du automatisk kome til
denne VIKTIG MELDING og her
finn du ajourførte planer
for stoff som vi planlegg
å legge inn for kvar av
dei komande vekene under
NYTT SOGELAGSSTOFF
FOR VEKE NR
________________
Tekst
NYTT SOGELAGSSTOFF
FOR VEKE NR
_________________
Tekst
OSV
Dei som har arbeidd mest med
oppdateringa av Stordal Sogelag
si Heimeside er: Jon Erik Hove,
John Kåre Hove, John Kr.
Hjelle og Einar J. Hove
Stordal Sogelag
Styret
De nye nettsidene finn du slik:
Trykk på linken til
Stordal Sogelag sine heimesider
i oversikta over interne
heimesider i Stordalsportalen
oppe til venstre.