Sesongen 2009 starta opp jonsokaftan med eit ”innkjøpt” program med songaren Sigvart Dagsland og pianisten Torjus Vierli. Rosekyrkja var fylt med meir enn 250 velnøgde tilhøyrarar. Dei to neste førestillingane var eigenproduksjonar. Først ein interessant, spennande og vakker presentasjon av salmediktaren Niels Olsen Svee med dyktige artistar med Sondre Bratland og Randi Lundemo som frontfigurar. Forfattaren Olav Mosdøl hadde laga manus med skodespelaren Trond-Ove Skrødal som forteljar. Idéen til førestillinga hadde Odd Johan Overøye, som også spelte i orkestereret i lag med Bergmund Skaslien og Andreas Aase. Vel 150 fekk med seg denne flotte framsyninga. Vi held fram med ”Perledryss” frå Nordahl Rolfsen si lesebok der skodespelaren Gøril Haukebø las utvalde tekstar og Marianne Stavseng med akkompagnatør Odd Johan Overøye framførte songar. Dette vart ei særs triveleg stund for dei 40 frammøtte i Løsetstova. Dei fleste publikummarane tilhøyrde genrerasjonen som hadde fått sitt første møte med litteraturen gjennom Nordahl Rolfsen si lesebok.
Vidare på programmet stod Tangofeber med den internasjonalt renommerte gruppa Tangueros del Norte. Dette programmet vart svært godt motteke av eit publikum på om lag 150 personar. Den ungdommeleg sjarmen til medlemmene i orkesteret og deira mogne og virtuose musikalitet fjetra tilhøyrarane. Seinare i juli skulle vi ha besøk av den kjende føredragshaldaren og presten Karsten Isachsen som skulle kåsere om Hverdagens vakkerhet.To timar før førestillinga måtte han melde sjukdomsavbod. Dette er første gong KKB avlyser ei førestilling.
Vår lokale artist Hilde Louise Asbjørnsen held så konsert i Rosekyrkje med sin trio, Programmet ”Ein haltande sommarvals” vart omtala som eit høgdepunkt i KKB si historie. Om lag 150 tilhøyrarar fekk ei minnerik oppleving denne kvelden.
Dagen før olsok kom Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen med eit program som var spesielt laga for KKB med musikk gjennom tusen år. Sidan olsok var så nær og Rosekyrkja arena, bar musikkvalet bere preg av dette. Dette vart ei særs vakker og fin førestilling som gledde eit litt for fåtallig publikum. Knapt 100 tilhøyrarar var samla i Rosekyrkja
Same dagen opna vi kunstutstillinga ”Lys langs fjorden” med bilete av Ørnulf Opdahl. Vi var glade for å kunne presentere ein av våre store samtidskunstnarar i jubileumssesongen. Om lag 800 personar var innom utstillinga, som fekk mange godord frå dei besøkande. 21 bilete vart selt.
Sesongen vert avslutta 9. august ved at utstillinga blei tatt ned og at Audhild Gregoriusdotter Rotevatn gav oss nokre historier frå Noreg, som ho har kalla ”Kvardagsglimt”. Om lag 30 personar fann vegen til Løsetstova og opplevde ei svært triveleg stund.
Last ned det trykte programmet (brosjyren) for 2009 som PDF-fil: |
Styret for Kyrkjehola Kulturbeite ønskte at
programmet for 2008 skulle ha eit innhald der kunstuttrykk
frå andre land vart sameina med det norske.
Programmet opna i midten av juni med minioperaen
Prinsessa på Selja av Eyvind Skeie
og Odd Johan Overøye, som fortel om irske Sunniva
sin lagnad på øya Selja. Nesten 40 deltakarar
med Sara P. Eriksson og Magne Fremmerlid i hovudrollene,
gav ei fullsett kyrkje ein stemningsfull og mektig start
på sesongen.
Den 22. juni tolka Knut Reiersrud Olav H. Hauge i
førestillinga Eit korn av salt, som
var utfoma og produsert av Kyrkjehola Kulturbeite i
samråd med Reiersrud. Tilbakemeldingane vitna om eit
særs vellukka opplegg.
På konserten Magisk
nyckelharpefusion med Emilia Amper Trio fekk vi
høyre både folkemusikk og komposisjonar av
Emilia. Ein triveleg sommarkveld i Rosekyrkja!
Dagen før olsok opna dei to kunstutstillingane
Erindringsbilder ved Marianne Boberg og
Hyllest til det norske lyset ved den
nedelandske målaren Henk Lassche. Desse utstillingane
kunne sjåast fram til 10. august og hadde godt
besøk. Nok eit programinnslag med internasjonal
tilknyting vart vist den same kvelden. Ohne
Sentimentalität, songar av Hanns Eisler og
Bertolt Brecht, vart framført av Anne-Lise Berntsen
og Trygve Brøske Ensemble. Førestillinga var
ei stor oppleving, som fleire burde ha fått med
seg.
Full kyrkje var det tre dagar seinare på konserten
GammalGrass med Stian Carstensen, Ola
Kvernberg og Ole Morten Vågan. Deira improviserte og
humørfylte framføring av ei samansmelting av
gammaldans og bluegrassmusikk (og mykje meir), fall
tydelegvis i smak.
Det gjorde også den sceniske konserten
Ljod med Marilyn Mazur, Ruth Wilhelmine
Meyer, Agnes Buen Garnås og Helen Davies Mikkelborg,
som avslutta arrangementa i Rosekyrkja.
Programmet for 2008 vart avslutta i 10. august
Løsetstova med kåseriet Absolutt
Sunnmøre ved Kjetil Tandstad og ved at
utstillingane vart stengde.
Vel 900 løyste billettar på
førestillingane i Rosekyrkja og Løsetstova i
tillegg til alle som fekk oppleve utstillingane i
Prestestova og Løsetstova.
Last ned det trykte programmet for 2008 som PDF-fil: |
Kyrkjehola Kulturbeite kunne også sommaren 2007 tilby eit breitt spekter av kulturopplevingar i våre heilt spesielle lokalitetar. Sesongen starta 10. juni med Songen langs fjorden - ein konsert i samarbeid med Storfjordens venner Ålesund Kammerkor med solistar og orkester presenterte Odd Johan Overøye sine arrangement av songar frå CD-en "Songen langs fjorden". Både dette og dei tre neste arrangementa hausra stor fagnad og var svært godt besøkte. Gullalder m/ Toralv Maurstad og Espen Skjønberg baud på litterære perler som mange kjende att frå lesebøkene til Nordahl og Rolfsen og ikkje minst på eit møte med legender innen norsk scenekunst. Midtsommarkveld med Ole Paus viste også at denne artisten sitt ry er velfortent. Med humor, beisk samfunnskritikk og poesi tok han publikum med storm. Det gjorde også Jo Nesbø og Lars Jones med sine fabuleringar og musikalske framføringar- om jenter som kommer og jenter som går...
Harpeberget -Multimedial installasjon - ved Odd Johan Overøye, Marit Kaldhol, Arne Nøst og Øyvind Driveklepp – er den største satsinga til Kyrkjehola Kulturbeite. Installasjonen bygg på ei lokal segn og gav vakkert og mystisk grunnlag for mange refleksjonar.I Løsetstova fekk vi oppleve grafikkutstillinga Strukturar som presenterte bilete av Martin Due med motiv frå naturen.A Corda -Birgitte Stærnes (fiolin) og Martin Haug (gitar) - presenterte musikk med søramerikansk lidenskap og wienereleganse - eit musikalsk høgdepunkt i sesomgen.Med ein barndom i botnen fekk vi eit litterært møte med far og dotter Vidar og Maria Parr som skapte ei triveleg stund for publikum i Løsetstova.Programmet for 2007 vart avslutta med Kammermatiné i Grieg-året m/instruktørar og unge talent frå “Borg-kurset”.
Last ned det trykte programmet for 2007 som PDF-fil: |
Sommaren 2006 vart ein stor suksess for Kyrkjola Kulturbeite. Aldri har så mange sett førestillingane våre. Det byrja med historisk foredrag ved Berge Furre. To høvdingar i Norden (Evert Taube og Erik Bye) vart presenterte av Lars Klevstrand med Audun Skorgen og Odd J. Overøye som medmusikantar. Kyrkja vart for lita for Jakob Sande & Jon Eikemo, trur eg...Ei markering av 100-årsjubileet for Sande sin fødsel. Utstillinga Keramikk og skulptur viste arbeid av Leon Roald. Quartet Lavender spelte internasjonal kammermusikk før SKRUK a cappella fylde kyrkja både med publikum og korsong. Ei sterk oppleving var Haugtussa - Eit musikalsk og intenst møte med Garborg ved Karoline Isaksen, Jo Inge Nes (perkusjon) og Håvard Sveås (tangentar). Maange fekk og med seg avslutninga "Omreisende malersvende og stadsmusikanter" - Rosekyrkja i eit kunsthistorisk og musikalsk perspektiv med Gunnar Danbolt og Erling With Aasgård.
Last ned det trykte programmet for 2006 som PDF-fil: |