Kyrkjehola Kulturbeite med sommarsong i Rosekyrkja olsokkvelden 2019

Kyrkjehola Kulturbeite byr også i år på eit innslag i samband med olsokmarkeringa i Rosekyrkja. Denne kvelden får vi nyte sommarlege ord og tonar i visuelt vakre omgjevnader - eit programopplegg som mange vil kjenne att som det særmerkte for Kyrkjehola Kulturbeite. Kom og opplev dei to unge skodespelarane og songarane Tone Oline Knivsflå og Kristin Lundemo Overøye som i lag med vår nestor Odd Johan Overøye vil framføre vakre dikt, viser, songar og salmar der sommaren er gjennomgangstema

     

musikk - litteraturopplevingar - scenekunst

     
         

utstillingar - historie

         


-- Printa ut frå KYRKJEHOLA KULTURBEITE si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as