Stordal
Vår hovudsponsor:

Sparebanken More

Kulturstøtte frå:

Stordal Kommune - der folk trivst!
Møre og Romsdal fylke
Norsk Kulturråd

Unni Boksasp duo

Konsert i Rosekyrkja 29. juli kl. 19.30

Unni Boksasp – vokal, zitter og dulcimer

Magne Vestrum – kontrabass

Som ledd i Fortidsminneforeininga si markering av ei nyrestaurert Rosekyrkje, inviterer Kyrkjehola Kulturbeite denne olsokkvelden til konsert med songaren Unni Boksasp.

Boksasp er ein av våre fremste folkemusikarar. Ho er kjend som ein svært dyktig fomidlar, og har mottatt både Spellemannsprisen, Folkelarmprisen, Statens arbeidsstipend og ei rad andre utmerkingar. Unni har også vunne eliteklassa i vokal folkemusikk under Landskappleiken fleire gongar. Gjennom ei rekkje banebrytande prosjekt, no sist forestillinga Opus72017, har ho sett folkemusikken på kartet og nådd ut til nye publikumsgrupper – både ved dei store festivalane og på mindre scener utover det ganske land.

I Rosekyrkja tar Unni for seg vakker folkesong frå Møre og Romsdal, ein tradisjon ho kjenner godt frå sin oppvekst på Tingvoll. På bass medverkar hennar faste musikalske samarbeidspartnar Magne Vestrum.

Velkommen til ein stemningsfull kveld med Rosekyrkja som perfekt ramme!


Billettar:

Billettar vert å få kjøpt i Stordal bygdetun (ved Rosekyrkja) mellom kl. 18.30 og 19.30 olsokkvelden
Kr. 200 for vaksne,
kr. 100 for born under 16 år
kr. 500 for familie (foreldre og born under 16 år)
Gjestar som er inviterte av Fortidsminneforeininga, får medlemskapsrabatt på konsertbilletten.
Vi nemner at det er olsokgudsteneste i Rosekyrkja frå kl. 18


Admin