Stordal
Vår hovudsponsor:

Sparebanken More

Kulturstøtte frå:

Stordal Kommune - der folk trivst!
Møre og Romsdal fylke
Norsk Kulturråd

Program 2013

Programmet sommaren 2013 vart godt motteke av eit rekodstort publikum.

20. juni: Salmar på ville vegar (med Bjarne Brøndbo og Trygve Brøske) Dette programmet med Bjarne Brøndbo i ei utradisjonell rolle som fortolkar av Prøysen, Sandell, Aleksandersen og Erik Bye m/ fl. vart som venta ein publikumshøydare. Brøndbo har eit udiskutabelt formidlingstalent, og i dette konseptet evnar han å nå langt langt utover DDE-kjernen. Mange sterke tilbakemeldingar frå publikum viste at dette programmet på ein særskilt måte nådde ut til “folk flest”. Pianist og multimusikar Trygve Brøske medverka også sterkt til ein minneverdig kveld.

30. juni: Los Osos Polares Dette er ekstremt talentfulle unge musikarar med base i Trondheim. Med songar Ingrid Nyhus i spissen samla bandet godt over 100 tilhøyrarar på Strekken til argentinsk tango nuevo på høgt internasjonalt nivå. Bandet er resultat av eit mangeårig og målretta arbeid med tangomusikk ved Trondheim kommunale kulturskule. Musikararne har etterkvart fullført høgare musikkutdanning og er i ferd med å etablere seg i toppsjiktet i norsk musikkliv.

29. juli:Rap og sosakjøt Med besøk av Runar Gudnasson og Bård Lødemel frå Side Brok var dette Kulturbeitets markering av språkåret 2013. Forestillinga fann stad ved den prisa spisestaden Nilsgardstunet som kompletterte groovy rap på Ivar Aasen-tekstar med delikat matservering. Eit minneverdig program og eit fruktbart møtepunkt mellom fleire kunstartar, som også er Kulturbeitets varemerke.

4. august: Smeltepunktets ressonans Tre Voci cello-ensemble med den norske topp-cellisten Torun Stavseng på laget stod for sesongens mest utfordrande program, i stor grad med musikk skriven etter 2000, og ispedd element frå renessansens klangspråk. Eit publikumsbesøk på rundt 80 personar på ein rein samtidskonsert er ikkje dårleg langt ute på den norske landsbygda. Mange frå publikum viste begeistring over ei annaleis musikkoppleving, også den utanfor allfarveg.

9. august: I førsommarens fang– Pater Arnfinn Haram in memoriam Dette var årets eigenproduksjon i Kulturbeitet, der underteikna med støtte frå NOPA hadde skrive ny musikk til dominikanarmunken Arnfinn Harams tekstar. Harams aktualitet er ytterlegare understreka denne hausten gjennom publiseringa av diktsamlinga Babylonsk harpe. I omtalar blir det trekt parallellar til både Olav H. Hauge og Arnold Eidslott. Ein portrettfilm om Haram av den svensk-polske regissøren Pawel Janickier også på trappene. Med norges sopranstjerne Ann-Helen Moen i spissen for eit særs kompetent musikarlag opplevde vi ei betydeleg interesse for produksjonen, herunder med fleire oppslag i lands-dekkande aviser samt i nrk. Nesten full kyrkje og gode tilbakemeldingar på konserten. Produksjonen blir vidareført i 2014, m.a. med fonograminnspeling på selskapet Øra Musikk.

10. august: Riedel vs Cornelis Dette var eit samarbeidsprosjekt med vår “søsterfestival” FjordCadenza, og gjekk av stabelen i det nye Gomerhuset på Skodje. Med basslegenden og komponisten Georg Riedels nye musikk til gamle Cornelis-tekstar, framført av dottera Sarah på vokal og den eminente pianisten Jonas Östholm, vart dette ei vakker og var stund med kammerjazz av beste merke.

17. august: Heinavanker – The Songs of Olden Times I denne konserten med det estiske elitekoret Heinavanker tok Kulturbeitet i bruk enda eit rom i den 100 år gamle Dyrkornfabrikken ved Storfjorden. Styla med lys og spennande scenografi i det gryande haustmørkret fekk eit talrikt publikum eit sakralt og klangfullt punktum for ein innhaldsrik 2013-sesong. Nok eit prov på Dyrkornsfabrikkens potensiale som konsertarena.

Last ned det trykte programmet (brosjyren) for 2013 som PDF-fil:

 

Program 2014

15. juni: Sesongen 2014 vart innleidd i Rosekyrkja med eit flott folkemusikkprogram med Annbjørg Lien og Roger Tallroth. Dei frammøtte, nokre færre enn vi hadde håpt på, fekk ei god oppleving med fantastestiske musikarar.
06. juli: Søskena Julie og Andreas Rokseth viste strålande musikalitet med eit vidtfemnande repertoar på den uvanlege instrumentkombinasjonen harpe og bandoneon.
28. juli: Så følgde fleire av morgondagens stjerner. Operaperlene kom på rekkje og rad då Anne Wiik Larssen og Bror Magnus Tødenes, akkompagnert av Mona Spigsel, begeistra eit entusiastisk publikum i Rosekyrkja.
15. juni - 15. august: Frå midten av juni til ut i august kunne publikum få med seg den vakre fotograsfiske utstillinga Prosjekt Hjørundfjord med bilete laga av Ingeborg Refsnes.

8. august: KKB sitt program held no fram med to samarbeidsprosjekt med Fjord Cadenza. Først let Åge Lades trio oss få bli delaktige i Arven etter Bill Evans. Denne førestillinga var lagt til Gomerhuset.
9. august: Så fekk vi det heilt store formatet på Dyrkornfabrikken med fullt symfoniorkester, profesjonelle kor og framståande solistar som mellom anna framførte Mozarts Requiem og O.J. Overøyes stykke Arise, shine! Ein fullsett sal visste å setje pris på at slike musikalske storhende også kan skje på våre kantar.

14. august: Eit nytt musikalsk høgdepunkt på Dyrkornfabrikken fekk vi då Tora Augstad med eit stjernelag av musikarar gav til beste Music for a While - ei oppleving av dei heilt sjeldne - i toppen av alt som er framført i KKB si historie.

Alt i alt var 2014 eit sterkt kunstnarisk år for KKB. Diverre vart publikumsframmøtet noko mindre enn det kvaliteten på programma hadde fortent.

 

       

Last ned det trykte programmet (brosjyren) for 2014 som PDF-fil:


2015 - friår

Kyrkjehola Kulturbeite hadde friår i 2015


Program 2016

Sommarprogrammet 2016 hadde eit noko mindre omfang enn det som har vore vanleg og var i tillegg meir komprimert i tid enn åra før. Det vart såleis ei god veke i månadsskiftet juli/august som utgjorde kulturbeitet 2016.

24. juli: Bunnlinja med Marianne Måløy og Trygve Brøske. Dette er ei førestilling som har hausta lovord på Trøndelag teater. Om lag 40 tilhøyrarar samla seg på Nilsgardstunet og fekk til fulle forståing for den gode kritikken. Tekst til ettertanke og latter med musikk og akkompagnement av Trygve Brøske, som etter kvart er blitt ein av KKB sine mest omtykte formidlarar. Stordalingar og andre kjende dessverre ikkje si besøkingstid denne gongen!

29. juli: Utstillinga Glas med Ingrid Cecilie Ulla vart opna før starten av den årvisse Olsokgudstenesta. Vakker visuelt i dei særprega lokalitetane i Løsetstova. Også auditivt fekk vi oppleve glas gjennom ein lydinstallasjon kreert av komponist Odd Johan Overøye og lyddesignar Øyvind Driveklepp. Mange turistar og nokre frå distriktet fekk oppleve utstillinga, som var open til 7. august.

31. juli: Konserten på Strekken i Dyrkornfabrikken blei besøkt av rundt 50 tilhøyrar. Seks medlemmer frå den internasjonalt kjende vokalgruppa Trondheim Voices let oss vere i Rom som faldar seg ut, improvisert vokalkunst der stemningar vart skapt av kvinnestemmene understøtta av lydesignar Asle Karstad - ei spennande og annleis konsertoppleving.

1. august: Sesongavslutning med to konsertar med Hulbækmo & Jacobsens familieorkester. Først fekk eit femtitals publikum oppleve ein brei presentasjon av orkesteret der mor og far med sine to søner og eit 20-tals instrument, framførte både tradisjonsmusikk og verdsmusikk i utsøkt samanstilling. Dei dugande musikarane fekk utfalde seg og vise kvifor dei er så høgt verdsett. Eit takksamt publikum viste at dei sette pris på førestillinga og mange av dei tok også vegen til Nilsgardstunet, der kvelden vart avslutta med pubkonsert både med familieorkesteret og gjestar som Knut Ivar Bøe på trekkspel og Kristin Lundemo Overøye med far Odd Johan som akkompagnatør. Berre knapt 30 var til stades på det som etter kvart som natta seig på, vart ei magisk oppleving, som ei av tilhøyrarane uttrykte det.

Sesongen 2016 baud på eit flott kulturprogram for dei altfor få som ville ta del, og vi takkar både artistar og publikum for samværet!

 

           

Last ned det trykte programmet (brosjyren) for 2016 som PDF-fil:


Friår 2017

Ikkje noko arrangement dette året


2018

Unni Boksasp duo held konsert i Rosekyrkja 29. juli med Unni Boksasp – vokal, zitter og dulcimer og Magne Vestrum – kontrabass
Som ledd i Fortidsminneforeininga si markering av ei nyrestaurert Rosekyrkje, inviterte Kyrkjehola Kulturbeite denne olsokkvelden til konsert med songaren Unni Boksasp.
Boksasp er ein av våre fremste folkemusikarar. Ho er kjend som ein svært dyktig fomidlar, og har mottatt både Spellemannsprisen, Folkelarmprisen, Statens arbeidsstipend og ei rad andre utmerkingar. Unni har også vunne eliteklassa i vokal folkemusikk under Landskappleiken fleire gongar. Gjennom ei rekkje banebrytande prosjekt, no sist forestillinga Opus72017, har ho sett folkemusikken på kartet og nådd ut til nye publikumsgrupper – både ved dei store festivalane og på mindre scener utover det ganske land.
I Rosekyrkja tok Unni for seg vakker folkesong frå Møre og Romsdal, ein tradisjon ho kjenner godt frå sin oppvekst på Tingvoll. På bass medverka hennar faste musikalske samarbeidspartnar Magne Vestrum.


Admin