Kjære publikum!
Vi håper du er blant dei som
har gleda deg til ein ny sesong med
Kyrkjehola Kulturbeite – og
at du, når du ser kva vi har
å by på denne sommaren,
blir ofte å sjå på
arrangementa våre.
I fjor hadde vi for første
gong ein eigen festivalartist.
Då valde vi sykkylvingen
Kenneth Ekornes. Det vart ein
suksess! Også dette året
har vi valt ein sunnmøring som
festivalartist: Knut Ivar Bøe,
godt kjent lokalt, men også
velrennomert i større krinsar,
både nasjonalt og
internasjonalt. Han vil ha ein
finger – eller rettare sagt
eit trekkspel – med i fleire
av konsertane våre denne
sesongen. Først med Fotspor
– ein konsert i Rosekyrkja
der han har med seg fleire av dei
musikarane han har jobba mest med i
karrieren sin. Vi møter han
att både i kappspel på
puben på Nilsgardstunet seint
på kvelden den 8.juli og sist,
men ikkje minst saman med Elias
Akselsen på Dyrkornkaia
sjølvaste olsokaftan.
Også denne sesongen kan
Kyrkjehola Kulturbeite by på
urframføringar. Vi gler oss
over å kunne presentere Odd
Johan Overøye sin klavertrio A
Little December Music. Spennande
skal det også bli å lytte
til nye arrangement til kjende og
kjære songar- ekstra kjekt er
det for oss å få Helene
Bøksle til å synge saman
med mange lokale songtalent. Slik
vil vi ivareta eitt av dei viktige
føremåla til Kyrkjehola
Kulturbeite: Stimulere til
nyskapande og kreative møte
mellom ulike kunstformer og mellom
profesjonelle og lokale
utøvarar.Velkommen til ein ny
og minnerik sommar i Kyrkjehola
Kulturbeite!
Med helsing frå styret
|